top of page

Tenester

120613183_2681605292079816_4843463530384

Natursteinsmuring, Tomt og Vegarbeid

20190909_141402.jpg

VA-Arbeid

95384279_567319457234033_405808563328385

Boring og Sprenging

19747880_10154897780796775_840926575_o.j

Transport

24879703_880929545396621_399464661215037

Spesialoppdrag

17195395_10158412338825074_67890100_o.jp

Brøyting og Snørydding

SERVICES
PROJECTS

Prosjekter

Om oss

Då Nikolai A Lillegraven kom frå militæret i 1967, kjøpte han ein Ford Dexta. Denne vart nytta til snørydding i Granvin herad. I perioden fram til 1978 vart det investert i ymse utstyr, mellom anna brøyt, beltemaskin. Borerigg, kompressor, lastebil og ytterlegare to traktorar. Staben auka betrakteleg då Eirik Eide, Øystein Teigland og Jens Holven gjekk inn i partlaget som fekk namnet Granvin Maskinstasjon.

 

Tilbodet om arbeid var stort og det vart kjøpt lastebil, borerigg, tømmerskjær, beltemaskin og utstyr til verkstad og service arbeid. Firmaet vart Granvin Maskinstasjon AS då Holven og Teigland fann seg anna arbeidet. I 1982 sysselsette verksemda 10 mann og ein allsidig maskinpark. Nye kontor med opphaldsrom vart teke i bruk.

 

Ved årsskiftet 1982-83 fekk verksemda verkstad og lagerbygg på 170 kvm i Granvin sentrum. Maskinparken og kompetansen vaks år for år. 

I 2004 tok Granvin Maskinstasjon AS i bruk nye moderne kontorlokale i Granvin sentrum der verksemda held til idag i Røynstrandsvegen 20.

Anved Lillegraven tok over ansvaret for verksemda etter far sin Nikolai A Lillegraven i 2007 og er idag dagleg leiar og styreleiar. 

Våren 2017 kjøpte Anved Lillegraven og Espen Seim alle aksjane til Nikolai A Lillegraven og Eirik Eide, og står idag som eigarar og leiarar av firmaet.

Idag er firmaet delt i to driftselskap etter at me i 2019 fekk godkjent reguleringsplan på uttak av naturstein på Nesbø i Øvre Granvin. Granvin Stein AS står for uttak og salg av naturstein til kundar i heile Noreg, medan Granvin Maskinstasjon AS driv entreprenørtenester. 

Granvin Maskinstasjon AS har idag 10 mann med ein veldig allsidig kompetanse, og tar på seg oppdrag over heile vestlandet. Me har ein allsidig maskinpark med både tradisjonelt anleggsutstyr og spesialutstyr for dei mest krevjande oppdraga.

ABOUT
CONTACT

Kontakt oss!

Forespørsler

Ta gjerne kontakt med oss på tlf: 56525000

eller fyll ut skjemaet nedanfor

Kontakt oss

Takk for forespørsel.

Kontoret vårt

Røynstrandsvegen 20
5736 Granvin

 

E-post:  mail@granvinmaskinstasjon.no

Telefon: 56525000

Følg oss på Facebook

  • Facebook

Kontakt til Granvin Stein AS:

  • Facebook
Logo Granvin Stein.png
bottom of page